Stord kommune betalte 16.000 roner til eit reklamebyrå for å produsere desse illustrasjonane med tilhøyrande informasjonsartiklar. Foto: Stord ommune
- Annonse -

KOMMENTAR: Politikarane bør ikkje akseptere at Stord kommune brukar skattebetalarane sine pengar på å la eksterne reklamebyrå skrive infotekstar.

Av: Jonas Sætre, redaktør i Stord24

Sunnhordland kan i dag melde at Stord kommune har nytta totalt ca. 22.500 kroner for å få eit reklamebyrå til å skrive tre informasjonsartiklar om planlagt teknisk arbeid, samt å lage nokre enkle illustrasjonar.

All ros til avisa som trekkjer fram denne saka. Underteikna var blant mottakarane av desse pressemeldingane. Det første som då slo meg var kor gledeleg det var at det endeleg er nokre i kommunen som klarar å drive litt grundig informasjonsarbeid opp mot pressa.

Men det viste seg altså å vere for godt til å vere sant.

Hausten 2016 vart stillinga som nettredaktør i Stord kommune lyst ut på ny. I følgje søkjarlista var det ei rekkje dyktige namn på søkjarlista som kunne gjort ein glimrande kommunikasjonsjobb for kommunen. Men så vart plutseleg stillinga føreslått fjerna.

- Annonse -

Det var rådmannen som fremja dette forslaget i innstillinga til budsjettet, som politikarane vedtok samrøystes, utan nokon form for debatt eller problematisering for kva konsekvensar dette ville få. Dei som kjenner til budsjettdebattane veit at det er ingen som kjem til å protestere mot å fjerne ein slik stilling, når kutt i fritidsklubbar, barnehagar og omsorgstilbod står på agendaen.

Men no ser me konsekvensane. Ein kommune som betalar 8000 kroner for éin informasjonsartikkel, som kunne blitt utført minst like bra av ein kompetent tilsett i løpet av mindre enn ein halv arbeidsdag. Kommunen brukar altså her ti gonger så mykje pengar som dei kunne ha brukt ved å la eigne tilsette utføre slike typer oppgåve.

Stord24 fekk i for kort tid sidan det Haugesund-baserte teknologiselskapet Appex til å evaluere dei nye nettsidene til Stord kommune. Konsultasjonsleiar Hein Tore Tønnesen var langt frå imponert, og meinte at å kutte ned på stilling knytt til nettsidene i 2018 var å gå baklengs inn i framtida.

Rådmann Magnus Mjør uttalte i saka at han var samd i at kommunen ideelt sett burde bruke meir pengar på kommunikasjon, men forsvarte likevel avgjersla om å fjerne stillinga som nettredaktør. Dette heng ikkje på greip.

På Stord er Kværner, Wärtsilä, NCE Maritime CleanTech, Leirvik AS, HVL Campus Stord, SIM, SKL og Helse Fonna blant verksemdene som har eigne tilsette som jobbar med kommunikasjon. Det gjer jobben mykje lettare, både for institusjonane som skal formidle presis og oppdatert informasjon, og ikkje minst er det tidsbesparande for lokalpressa. Det betyr ikkje at verksemdene sjølv skal setje agenda for kva lokalpressa skal skrive om, men det handlar om at pressa i då staden kan bruke ressursane på grundigare journalistikk, i staden for reint infoarbeid.

Stord kommune er den nest største arbeidsplassen på Stord, og ein institusjon som alle innbyggjarane må forhalde seg til stort sett i løpet av heile livet. Difor er det eit paradoks at ikkje også Stord kommune prioriterer dette.

Det er rett nok svært ulik praksis for korleis norske kommunar prioriterer kommunikasjon. Men ein oversikt Medier24 har gjort kan gi oss ein peikepinn på kor dårleg det ligg an på Stord. Bergen og Stavanger kommunar har høvesvis 19 og 8 årsverk nytt til kommunikasjon. Justert for talet på tilsette er dette grovt rekna 1500 tilsette per årsverk. I Trondheim er tilsvarande tal 700 per årsverk.

Med Stord kommune sine rundt 1300 tilsette burde det difor vere eit minimum å prioritere iallfall eitt heilt årsverk knytt til kommunikasjon.

Ein kan spør seg om kvifor Fitjar, med sine 3200 innbyggjarar seg seg tent med å ha ein eigen stilling som informasjon- og kultursjef, medan Stord kommune, som er nesten seks gonger så folkerik, knapt prioriterer ein halv stilling som nettredaktør?

Dette er ikkje ein haldbar situasjon. Alle tapar på dårleg informasjonsarbeid. Innbyggjarane, pressa, lokalpolitikarane og ikkje minst dei tilsette i kommunen.

Dette handlar heller ikkje berre om stillingar. Det handlar også om å gi einingsleiarar og andre tilsette i kommunen tillit til å sjølv drive aktivt informasjonsarbeid. Her bør Stord kommune lære av Statens Vegvesen, som har tilsette som verkeleg ser verdien av aktiv informasjonsflyt mot lokalpressa og innbyggjarane. Dersom dei tilsette ikkje kjenner seg skriveføre nok til å formulere pressemeldingar, er det ikkje verre å ta ein telefon til redaksjonane.

Politikarane bør uansett ikkje akseptere seg at Stord kommune brukar skattebetalarane sine midlar på å la eksterne reklamebyrå skrive enkle infotekstar, som er ein sjølvsagt del av det lovpålagte informasjonsarbeidet til kommunane.

- Annonse -