Klokka 21:40 onsdag rykte politiet ut til ei melding om bråk ved ein utestad i Leirvik sentrum.
Politiet i Sør-Vest meldte om hendinga på Twitter i 23-tida, og opplyste då om at ein mann i 30-åra var på veg i arresten.
– Politiet fekk melding om ein gjest som var ufin og prøvde å slå til folk. Han vart lagt i bakken av folk på staden, opplysar Brit Randulff, operasjonsleiar ved Sør-Vest politidistrikt.
Ho fortel at mannen er godt kjend av politiet.
I Twitter-meldinga vert det opplyst at mannen vil bli politimeldt for ordensforstyrring og forulemping av offentleg tenestemann.
– Kan du seie noko om kva som ligg i «forulemping»?
– Nei, dei detaljane har eg ikkje.