Remi André Sortland. Foto: MOT
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Remi André Sortland er kritisk til trafikktryggleiken rundt 17. mai-toga på Stord.

Ein 17. mai med bismak. Slik opnar tidlegare Ap-politikar Remi André Sortland eit Facebook-innlegg der han går hardt ut mot trafikksikringstiltaka på 17. mai.

Mange blei vitne til då ein fem år gammal gut blei påkøyrd i Vikabrekko i går, like etter barnetoget til Leirvik skule hadde passert. Sortland var ein av desse vitna.

– Rystande

– Det rysta oss som var vitne til påkøyringa i samband med barnetoget. Det er med stor lettelse det er kome signal om at det ikkje står alvorleg til med den unge guten.

– Men, kvifor tillate trafikk i sentrum under barnetoget og folketoget? Steng sentrum for all trafikk i dette tidsrommet, er Sortland si klare oppfatning.

Også under morgontoget i Leirvik sentrum reagerte Sortland på farlege trafikkale situasjonar.

- Annonse -
- Annonse -

– Morgontoget til sjukehuset gjekk føre seg i begge køyrebanar på trafikkert veg. Køyrande trafikk kom likevel i mot toget. Det er ubegripeleg.

-Politiet gjorde det dei kunne

Kjartan Grov, som i mange år har vore aktiv i 17. mai-komiteen på Leirvik skule vil ikkje kritisere politiet for manglande fokus på tryggleiken.

– Politiet var sterkt til stades i går og veldig synlege, så eg følte dei gjorde det dei kunne for å ivareta tryggleiken. 17. mai er jo ein kaotisk dag med mykje folk, og foreldre må passe på sjølv. Eg trur ikkje me kan skulde på det offentlege om at dei har gjort noko feil.

Grov er også mangeårig leiar i Handballfestivalen, som skal arrangere et tilsvarande tog i pinsehelg.

- Annonse -

– Me har eit godt samarbeid med politiet på Handballfestivalen. Denne hendinga er noko me må tenkje på før årets pinsehelg, seier Grov.

Lensmann Roald Raunholm. Foto: Jonas Sætre/Stord24

– Lettvint kritikk

Stord-lensmann Roald Raunholm vil ikkje umiddelbart gå med på at tryggleikstiltaka på 17. mai er for dårleg.

– Eg tenkjer det er lettvint å kome med sånn kritikk etter ei hending som dette. Me vil sjå nærare på denne hendinga, og me skal ikkje avvise kritikken, men me må sjå på det med et kjølig blikk.

Raunholm meiner folk flest er flinke til å vise omsyn på 17. mai.

– Dette har ikkje vore noko stort problem, og inntrykket vårt er at folk tek osyn. Me har også fleire politifolk på desse arrangementa enn tidlegare, mellom anna i samband med auka fokus på dette med terroranslag.

Politiet har midlertidig teke førarkortet til føraren av bilen som køyrde på 5-åringen.

– Me vil følgje opp denne saka, og så vil me få meir svar på denne konkrete hendinga etter kvart, seier lensmannen.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -