Ein 17 år gammal gut omkom då han fall ned frå ein bygning under oppføring ved Nysæter ungdomsskule. Stord kommunale eigedom må svare for sikkerheita på byggje- og anleggsplassen. Foto: Jonas Sætre/Stord24.
- Annonse -

Den skadde guten fall gjennom isoporplatar på golvet på Nysæter ungdomsskule.

– Politiet har førebels ikkje eit klart bilete av hendingsforløpet, men håper vitneavhøyr kan gi oss fleire detaljar. Hendinga framstår som ei ulukke, opplyser Roald Raunholm ved Stord politistasjon.

Han oppfordrar publikum som har opplysningar om saka om å ta kontakt med politiet på telefon 02800.

– Ulukka har skjedd i samband med at fleire ungdommar har teke seg inn på byggeplassen. Fornærma skal ha falle gjennom isoporplater på golvet i nybygget, og mellom fire og fem meter ned i etasjen under, seier Raunholm.

Guten, som er 17 år gammal, er framleis innlagt på sjukehus. Tilstanden hans er uavklart.

Etterforskingsleiar Roald Raunholm ved Stord politistasjon. Foto: Cassandra G. Jespersen/Stord24

17-åringen var del av ein gjeng på fem gutar, som hadde teke seg inn på anleggsområdet.

- Annonse -

– Dei kjenner alle kvarndre. Me skal snakka med dei i dag i form av vitneforklaringar, som då vil seia meir om det. Den eine av dei er avhøyrt og det vil bli gjort samtalar med dei andre i løpet av dagen.

– Korleis er dei prega av det som har skjedd?

– Eg kan tenka meg at dei er prega av hendinga og at det går inn på dei.

– De går ut og etterlyser tips. Er det grunn til å tru at det er andre som veit noko?

– Det er ei form for halvgradering. Me vil ikkje vera skråsikre så tidleg i etterforskinga. Me har ikkje grunn til å tru at det er andre som veit noko, men me veit jo aldri.

Søndag kveld var det sagt at 17-åringen fall frå eit tak. Dette avkreftar Raunholm no.

– Det er meir eit etasjeskilje enn eit tak. Det var ikkje open himmel der som han fall. Han fall på eit hardt underlag, mest sannsynleg betong.

– Det blei sagt søndag at venene til guten utførte livreddande førstehjelp. Kan du seia noko meir om dette?

– Dei var dei første som kom til staden og fekk varsla om dette. Men det er jo noko me vil få klarheit i om kva rolle det spelte i det som skjedde.

– Kva gjer de på staden i dag?

– Det er å ettergå spor på staden og sjå korleis tilkomsten og kor dette har skjedd. Det er sentralt for å få vite korleis dette har skjedd. Me er ikkje heilt ferdig der, og skal ta nokre nye bilete i dagslys. Åstaden blir ikkje frigitt før seint i dag, tidlegast.

– Er arbeidstilsynet varsla?

– Så langt er ikkje arbeidstilsynet varsla. Det er noko me vil vurdera, men me har ikkje snakka med dei endå, seier Raunholm.

- Annonse -
Forrige artikkel– Det er klart det blir ein spesiell skulestart
Neste artikkelBer om busstilbod i Dåfjorden: – Eit stort sakn for mange
Jonas Sætre er redaktør og journalist i Stord24. – jonas@stord24.no