Kvinnherad-politikarane har ikkje noko til overs for Stord kommune sin museumspolitikk. Foto: Sunnhordland museum
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Løyvinga til Sunnhordland museum i Stord-budsjettet haustar kritikk blant politikarane i Kvinnherad.

I budsjettet som vart vedteke førre veke var det ikkje løyva øyremerka midlar til Sunnhordland museum.

Politikarane gjorde heller ikkje noko vedtak på korleis kommunen skal stille seg til søknaden om vidare støtte til Stord maritime museum.

I stadan vart det løyva 400.000 kroner samla til lag og organisasjonar, Stord maritime museum og oppfølging av regional museumsplan. Det er Komité for næring, miljø og kultur som skal fordele løyvinga på nyåret.

– Uakseptabel måte å styre på

Dette skapar reaksjonar blant politikarane i Kvinnherad. Førre veke diskuterte dei saka under handsaminga av løyving av pengar til Sunnhordland museum.

– Eg synes ikkje noko om at Stord har halde tilbake pengar til museet, sa Øyvind Utne (H) i følgje Kvinnheringen.

- Annonse -
- Annonse -

Han fekk støtte av Ove Lemicka (Frp), som meiner det er uakseptabelt at Stord maritime museum skal styre kor mykje Stord skal løyve til Sunnhordland museum.

– Det er viktig at Stord som husar museet avsluttar praksisen dei har lagt seg på, at fordi dei ikkje får museet til å ta økonomisk ansvar for det Stord vil, så stoppar kommunen pengetilførselen. Det er ein heilt uakseptabel måte å styra på, og det er noko som har gått føre seg i fleire år, sa Lemicka.

- Annonse -

Vedtok at Stord må betale sin del

Lemicka fekk gjennom eit tilleggspunkt i vedtaket om å oppmode Stord til å betale sin del, skriv Kvinnheringen.

Kommunestyret vedtok difor at vertskommunen Stord må følgje opp med å betala sine løyvingar til Sunnhordland museum, og vidare ta del i opptrappinga til museet.

I november skreiv Stord24 om at fylkesrådmannen i Hordaland er uroa over den økonomiske drifta ved Sunnhordland museum. 

Sunnhordland museum er med 12,5 millionar kroner i inntekter i 2017 det nest minste museet i fylket, målt etter omsetnad. Sunnhordland museum hadde med 983.000 kroner desidert lågast eigeninntekt av alle musea i fylket i 2016.

Det er bakgrunnen for at Sunnhordland museum laga ein opptrappingsplan for auka løyvingar frå kommunane i regionen. Hadde Stord følgt planen måtte dei ha løyva 570.000 kroner for 2019.

- Annonse -