Banksjef Dag Sandstå, t.v. er godt nøgd med Tysnes Sparebank sitt resultat. Foto: Tysnes Sparebank
- Annonse -

Den lokale banken med hovudkontor på Tysnes kan notere seg nok ein milestein.

Sparebanken har søkt om å bli børsnotert på marknadsplassen Merkur Market på Oslo Børs, der også ei rekkje andre småbankar er notert.

Børsnoteringa gjer at kjøp og sal av aksjar eller eigenkapitalbevis blir enklare og meir effektivt for banken.

– Dette vil sikra at eigenkapitalbeviseigarar i Tysnes Sparebank får ein enklare måte å selje eller kjøpa eigenkapitalbevis, seier banksjef Dag Sandstå.

Blant dei minste

Tysnes Sparebank er av dei aller minste bankane i landet med ei slik børsnotering.

- Annonse -

– Dette viser at det er mogeleg også for dei mindre bankane i Noreg å delta i effektive marknads-plassar som Oslo Børs har, skriv banken i ei melding.

Etter aksjeemisjonen, som Stord24 skreiv tidlegare i haust, har Tysnes Sparebank no 110 millionar kroner i eigekapital. Banken vil dei neste vekene halde presentasjonar på kontora sine i Sunnhordland for å informere om kjøp av eigekapitalbevis.

Rekordresultat

For årets tredje kvartal fekk banken eit resultat på 12,9 millionar kroner, to millionar kroner betre enn tilsvarande tal i fjor.

– Kontoretableringane har vore ein suksess og lokale kundar strøymer til banken. Me er svært nøgde med at vår lokalbank vert teken så godt i mot lokalt, sa banksjef Dag Sandstå.

- Annonse -