Banksjef Dag Sandstå, t.v. er godt nøgd med Tysnes Sparebank sitt resultat. Foto: Tysnes Sparebank
- Annonse -

Lokalbanken er i stor vekst, og kan legge bak seg eit fjorår med 23 millionar kroner i resultat før skatt.

Resultatet er 5,9 millionar betre enn i 2016. Det sterke resultatet betyr at ei årleg eigenkapitalavkastning på om lag 7,8 prosent.

– For eigarar av banken sine eigenkapitalbevis er dette ei særs god avkastning med låg risiko, skriv banken i ei pressemelding.

Bakgrunnen for det sterke resultatet er mellom anna ein innskotsvekst på 16 prosent og ein kredittvekst på 20 prosent.

Banksjef Dag Sandstå slår fast at strategien med då opne fleire nye filialar, som på Stord og i Husnes, har vore vellukka.

– Me er svært nøgde med at Tysnes Sparebank er så godt teke i mot der vi har etablert nye kontor, seier banksjef Dag Sandstå.

- Annonse -

På seinhausten 2017 gjennomførte banken ein svært vellukka emisjon der det vart teikna nye eigenkapitalbevis for 35 millionar kroner. Organisasjonen og kontorstrukturen er no etablert og klar for å ta i mot nye kundar i åra som kjem.

– Me har etablert ein god organisasjon, der unge nye medarbeidarar saman med godt erfarne bankmedarbeidarar er ein fantastisk gjeng å arbeide saman med,  seier Sandstå.

- Annonse -