Banksjef Dag Sandstå, t.v. er godt nøgd med Tysnes Sparebank sitt resultat. Foto: Tysnes Sparebank
- Annonse -

Banksjef Dag Sandstå er svært nøgd med eit resultat på 12,9 millionar etter skatt for årets tredje kvartal.

Resultatet er to millionar kroner betre enn tilsvarande tal frå tredje kvartal i fjor, då resultatet etter skatt enda på 10,9 millionar kroner.

Sparebanken kan også melde om ein solid auke i forretningskapital, som er på om lag 2,7 milliardar kroner. Kredittveksten har auka med 20 prosent, og innskota med 16 prosent i forhold til same tid i fjor.

Attraktivt konsept

Banksjefen er spesielt nøgd med at det er dei yngre generasjonane som vil bli kunde i banken.

– Auken i utlån er i hovudsak til privatkundar i regionen. Pågangen av nye kundar er stor og konseptet «verdast mest personlege bank» er attraktivt. Det gledelege er at auken er størst i personkundegruppa mellom 25 og 45 år, skriv banken i kvartalsrapporten.

- Annonse -
- Annonse -

Tysnes Sparebank kan allereie no slå fast at strategien med å etablere fleire kontor, som nyopninga på Stord tidlegare i år, har vore ein suksess.

- Annonse -

– Kontoretableringane har vore ein suksess og lokale kundar strøymer til banken. Me er svært nøgde med at vår lokalbank vert teken så godt i mot lokalt, uttalar banksjef Dag Sandstå.

Gode tider

Førre veke melde banken at dei vil auke eigenkapitalen, slik at banken kan ta i mot endå fleire kundar. Kapitaltilførsla vil gi banken musklar til å finansiere bustadlån for opptil 400 nye bustadar.

Banken legg ikkje skjul på at dei gode tidene i Sunnhordland er ein viktig forklaring på at innteninga går såpass bra.

– I Sunnhordland har optimismen komen tilbake, sysselsetjinga er betra og nye kontraktar har sikra god sysselsetjing dei neste åra. Den planlagde emisjonen er garantert og såleis er vekstkapasiteten framover mogeleggjort, skriv baken.