Banksjef Dag Sandstå, t.v. er godt nøgd med Tysnes Sparebank sitt resultat. Foto: Tysnes Sparebank
- Annonse -

I årets første halvår kan den einaste lokalbanken i Sunnhordland vise til eit overskot på 19,1 millionar kroner, meir enn tre millionar betre enn same periode i fjor.

– Me er stolte over det banken har skapt av verdiar det siste året, utan ein fantastisk medarbeidarstab hadde det ikkje vore mogeleg, seier banksjef Dag Sandstå.

Dei siste 12 månadane kan banken vise til vekst i utlån på 12 prosent. Sandstå opplyser at den største kundegruppa er unge vaksne i etableringsfasen.

– Det er i aldersgruppe 20-45 år at banken har den største auken. Geografisk er auken størst i Sunnhordlandsregionen. Me er glade for at dei yngre kundane ser nytten av å ha ein lokal bank som kjenner lokalsamfunnet godt, seier Sandstå.

Banksjefen legg ikkje skjul på at dei drar nytte av generelt gode tider i Sunnhordland.

- Annonse -

– Sunnhordlandsregionen har den siste tida hatt ei god utvikling. Arbeidsløysa er lågare enn på lenge, og det er stor vilje til å investere hos verksemdene i regionen. Banken har som målsetjing å veksa også i åra som kjem.

- Annonse -
- Annonse -

– Me har eit svært godt utgangspunkt for å veksa i åra som kjem, noko som er naudsynt for å kunne halde fram som lokal, sjølvstendig og frittståande sparebank, seier banksjefen.

Slik var fjorårets tal for Tysnes Sparebank:

- Annonse -