Tysnes-ordførar Kåre Martin Kleppe er svært oppgjeven over Skyss. Foto: Tysnes kommune/Hordaland fylkeskommune
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Eg er ikkje god nok å formulere meg kor skuffa og sint eg er, skriv Kåre Martin Kleppe (H) i eit brev til fylkespolitikarane.

Skyss er i prosessen med å førebu innføringa av dei nye ferjerutene, som skal vere gjeldande frå 2020. For to år sidan vart det kjent at det vert lagt opp til kutt i sambandet Jektevik-Hodnanes-Huglo og Halhjem-Våge.

Tysnes-ordføraren var tidleg ute med å protestere med dei føreslåtte kutta, som kjem som eit resultat av elektrifiseringa av ferjene. Bakgrunnen er at dei elektriske ferjene krevjar lengre liggjetid ved kai for lading. Difor er det lite truleg at ein vil klare å sikre same frekvens som i dag på alle samband.

Fekk ikkje svar på noko i møtet

No har Kleppe fått nok. Etter det siste møte med Skyss, 25. mars, er han oppgjeven over velviljen frå det offentlege kollektivselskapet.

– Me har nærmast fått beskjed om at uroen vår har vore basert på feilaktige påstandar, og ikkje realitetane, skriv Kleppe i eit brev til fylkespolitikarane.

Ordføraren skriv at formannskapet i Tysnes sendte ei rekkje spørsmål til Skyss i fjor haust. Då fekk dei tilbakemelding om at det ville bli kalla inn til møte og at spørsmåla ville bli svart på då. Dette møtet fann altså stad 25. mars.

- Annonse -
- Annonse -

– Eg er ikkje god nok å formulere meg kor skuffa og sint eg er etter dette møtet. Me hadde ei kjensle av å bli nedprioritert i anbodsprosessen, og har no ei kjensle av å bli halden for narr i prosessen etterpå, skriv Kleppe.

Han viser til at Skyss ikkje ein gong på dette møtet hadde førebudd svar på spørsmåla frå Tysnes-politikarane. Dei har mellom anna kome med innspel der dei spør om det var mogleg å justere på ladetidene til ferjene for å tilpasse rutene til arbeidspendlarane.

– Skyss opplyste at dei ikkje hadde spurt Fjord1 om dette var mogleg. Skyss kunne difor ikkje ein gong svare på om det var mogleg å gjere det som dei over fleire år har lagt fram som ei mogleg løysing.

Får store konsekvensar

Skyss har signalisert at dei vil ha klart rutene for 2020 allereie om få veker.

- Annonse -

– Dei har hatt tre år på seg. Rutene skulle utarbeidast i god dialog ed kommunen. Dette har ikkje skjedd.

Sigmund Hovland er marknadssjef i Advantec. Foto: Jonas Sætre/Stord24

Kleppe er klar på at rutene vil ha store konsekvensar for dei som pendlar frå Tysnes.

– Konsekvensane for innbyggjarane er at folk må sjå seg om etter ny jobb eller flytte. Dagleg blir me kontakta av innbyggjarar som er svært bekymra for korleis livet brått kan bli forvandla etter 2020. Dette er folk som Skyss ikkje har teke seg tid til høyre på.

– Blir ikkje høyrt

Ein av dei som vil bli råka er Sigmund Hovland, som er marknadsleiar i Advantec på Stord. I eit intervju med NRK Hordaland er både han og kona tydelege på at ruteendringane vil gjere det mykje vanskelegare å kome seg på jobb om morgonen.

– Me har ikkje blitt høyrt. Det verkar som at dei ikkje tek i mot signal, seier Hovland om prosessen.

Onsdag kveld skal Tysnes kommune arrangere folkemøte om ferjesituasjonen.

– Det er ikkje lett å gi eit skikkeleg bilete over kor alvorleg dette er for ein øykommune som Tysnes. Eg ber om at fylkespolitikarane tek tak i denne problemstillinga og hjelper samfunnet ut av situasjonen de har sett oss i.

I møtereferatet til Skyss skriv dei at dei vil sjå på tilbakemeldingane som er gjeve, og gjere ein avsjekk mot operatør med omsyn til spørsmåla som er stilte.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -