Foto: Midtfjellet vindpark
- Annonse -

Østfold Energi eig 11 prosent av aksjane i Midtfjellet Vindkraft AS. No kvittar dei seg med alle.

Av: Per Lønning

Det er på eigne nettsider at Østfold-selskapet melder at dei no sel seg ut. Etter at aksjane vert overførte, vil det tyske selskapet Aquila Capital stå igjen med 97 prosent av eigarskapet til Midtfjellet Vindkraft AS.

Dei resterande aksjane vil stå på Fitjar Kraftlag.

Østfold Energi har vore deltakande i utbygginga og finansieringa av vindparken på Fitjar. Midtfjellet Vindkraft ser ifølgje Østfold Energi mogleikar for fleire framtidige utbyggingsprosjekt på Fitjar og Stord. I desse prosjekta har Østfold Energi klart å sikre seg 11 prosent eigarskap.

– Eg trur fleire utanlandske investorar vil få augene opp for norske naturressursar, sa nederlandske Oldrik Verloop, administrerende direktør i Aquila Capital til Bergens Tidende under eit norgesbesøk i mars 2017.

- Annonse -

Fleire vasskraftverk har sidan 2011 vorte kjøpt opp av det tyske investeringsselskapet her i Norge. Og selskapet kjøpte i 2016 majoritetsposten i Midtfjellet Vindpark på Fitjar. Då hadde fleire kraftselskap her til lands selt seg ut grunna store tap.

– Norge har stabile politiske og regulatoriske forhold. For ein langsiktig investor som trur at meir fossil energi skal byttast ut med fornybar, finnest det gode mogleikar her, sa Verloop til BT attende i 2017.

- Annonse -