På Stord er det mange industriarbeidarar som har fått sikra jobbane sine det siste året. Foto: Magne Langåker
- Annonse -

Me tilbake til juni 2015 for å finne ei lågare arbeidsløyse på Stord. No er det Fitjar som tronar høgst på statistikken.

På Stord er det 225 færre ledige enn på same tid i fjor. Det er ei nær halvering av det totale talet på ledige, som no ligg 309 personar. Det svarar til 3,1 prosent av folketalet, og 4,2 prosent dersom ein tek med personar som er på ulike NAV-tiltak.

– Svært positivt

– Tala for arbeidsmarknaden i mai stadfestar inntrykket vårt om at det er meir rørsle i marknaden no. Me merkar ein auke i kontakt frå arbeidsgjevarar og bemanningsbyrå som ynskjer rekrutteringsbistand. Det er svært positivt, melder marknadskonsulent Sindre Vikanes i NAV.

Tala syner at det er også lågare arbeidsløyse både blant ungdom, langtidsledige og innvandrarar enn tidlegare.

I mai var det flest utlyste stillingar innan helse og omsorg, og industriarbeidsplassar kjem rett etter.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Gode moglegheiter

– Det er gledeleg å sjå at industriarbeidsplassar er nest mest etterspurt. Det kan gi gode mogelegheiter for å skaffa arbeid for personar i denne yrkesgruppa, seier Vikanes som peiker på at det framleis er innan denne yrkesgruppa at det er flest ledige på Stord.

Men situasjonen er ikkje like lys i heile Sunnhordland. Både Fitjar og Tysnes opplever ei auke av arbeidsledige frå same tid i fjor. Fitjar er no kommunen med størst arbeidsløyse i Sunnhordland, med 3,3 prosent ledige.