Illustrasjonsfoto: Politiet
- Annonse -

Mannen i 60-åra blir politimeldt etter å nekta å opplyse om personalia til politiet.

Klokka 16.45 måndag meldte Sørvest politidistrikt at Stord-politiet måtte ta hand om ein taxipassasjer som ikkje ville betale for turen.

Sjåføren køyrde mannen i 60-åra direkte opp til lensmannskontoret då han i følgje politet ikkje kunne eller ville betale for turen.

Politiet fekk fort stadfesta at den rusa mannen ikkje var så god å forhalde seg til. Han oppgav nemleg feil personalia til politiet.

- Annonse -

– Han var såpass full og rusa at taxiselskapet ikkje visste heilt kor dei skulle gjere av han. Etter at politiet fekk stadfesta ID’en på han blei mannen køyrd heim av taxisjåføren, opplyser operasjonsleiar Olaug Bjørnsen i Sørvest politidistrikt.

Ho fortel at politiet har politimeldt han for å oppgi feil personalia, og at det blir opp til taxiselskapet å vurdere om dei vil politimelde han for manglande betaling.

- Annonse -
- Annonse -