Varaordførar Jakob Bjelland (Sp). .Arkivfoto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Dårlege Ap-målingar og medvind for Senterpartiet, er det venta at Sp vil ta over mange ordførarverv. TV 2 sin valekspert trekkjer fram Stord som eit døme der dette kan skje.

Senterpartiet er partiet i Norge som har flest ordførarar i høve valresultatet.

Med aukande oppslutning på meiningsmålingane er det venta at partiet gjer tek over stadig fleire ordførarverv ved kommunestyrevalet til hausten.

– Sp er i ein kjempeposisjon så lenge Ap ligg såpass lågt på målingane. Då vil Sp kome på vippen mange stadar og krevje ordføraren, seier valekspert i BT, Johan Giertsen.

Klassekampen skriv også i dag om Sp sine gode sjansar til kapre fleire ordførarar.

Spesielt gjeld dette i Ap-kommunar, der Sp har varaordføraren. Slik tilfellet altså er på Stord, der Jakob Bjelland (Sp) er varaordførar.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Sp ligg godt an til å ta over slik målingane ser ut no. Det gjeld også mange større Ap-kommunar, seier TV 2 sin valekspert, Terje Sørensen.

Han trekkjer fram Stord som ein av kommunane han ser det sannsynleg at dette kan skje, dersom valresultatet for Ap vert så dårleg som meiningsmålingane. Altså ned frå 33 til 27 prosent.

Nett no syner valnettstaden Poll of Polls eit snittresultat på over 15 prosent for Senterpartiet den siste tida. Det er ei dobling i høve valresultatet i 2015, då partiet fekk 8,5 prosent.

Senterpartiet fekk 8,9 prosent oppslutnad på Stord i kommunestyrevalet i 2015. Ap fekk 31,6 prosent oppslutnad.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -