Foto: Elisabeth Bergquist, Finnmarksløpet
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Berre ein månad etter at Tuva Almås frå Sagvåg bestemte seg for å delta i Finnmarksløpet så tok ho sigeren heim.

17-åringen frå Sagvåg brukte 26 timar og 11 minutt på juniorversjonen av Finnmarksløpet. Det var berre fire minutt framføre andreplassen, og dermed vart den ferske debutanten vinnar av løpet.

Ho har i løpet av kort tid lært seg langdistanse hundekøyring heilt frå grunnen av.

Tuva fortel i eit intervju med Finnmarksløpet at interessa har kome heilt av seg sjølv, då ingen i familien hennar har drive med hundekøyring tidlegare. Det var etter at ho deltok i Femundløpet i januar i år at ho bestemte seg for å melde seg på i det tøffe Finnmarksløpet junion.

– Eg trur det nesten ikkje sjølv, seier Tuva til Sunnhordland.

Med snøfattige vintrar på Almås i Sagvåg så har Tuva nytta mykje tid med hundetrening på Røldal, der familien har hytte.

- Annonse -

I løpet av dei 26 timane løpet varte, så har Tuva tilbakelagt 220 kilometer på hundeslede. Løpet starta i Alta og gjekk i ein sirkel på Finnmarksvidda tilbake til målstreken i Alta. Det var lagt inn obligatorisk kviletid på til saman 12 timer fordelt på tre sjekkpunkt. Almås deltok for klubben Hardanger Husky.

I kveld skal eleven frå Fitjar vidaregåande bli heidra på NRK sine sportssendingar kl. 22.30, ifølgje pappa Hans-Petter Almås, som skriv dette på Facebook:

For dei som vil sjå meir hundekjøring så må dåke sjå Nrk1 kl. 22:30 i kveld. Tuva live på tv! Ho skal og på Nrk Finnmark i morgon kl. 08:30. Tøft i toppen

Stord24 gratulerer med sigeren!

Tuva Almås køyrte med seks hunder, her er ein av dei. Foto: Morten Broks, Finnmarksløpet
Medaljevinnarane med Tuva i midten: Frå venstre: Mina Skjøthaug Karlstrøm, Tuva Almås og Hanna Lyre, foto: Morten Broks
- Annonse -