Illustrasjonsbilde: Holtålen kommune
- Annonse -

Eit stort område frå Vabakkjen i aust til Sagvåg i vest er meir eller mindre utan vatn etter brot på hovudvassleidninga torsdag kveld.

Stord kommune melder torsdag kveld at alarmen gjekk på driftssentralen, grunna eit alvorleg brot på hovudvassleidninga, like ved Tveita-krysset ved Leirvik.

– Det påverkar mange når lekkasjen først skjedde, for det gjekk ut 80-90 liter vatn i sekundet. Då påverkar det iallfall frå Vabakkjen og heilt til flyplassen. No held me på å køyra om vatnet, så eg vonar at alle iallfall får litt i springen, seier Erik Kallestadbakken i Stord vatn og avlaup.

Han fortel at alarmen gjekk for alvor på driftssentralen like etter vassleidningsbrotet.

– Her lyste heile driftskontrollen. Då me har alarmar på heile ledningsnettet så slo det ut på alle målarane. Så det lyste raudt overalt, det var nett som eit julatre.

Ofte er det eit komplisert arbeid i seg sjølv å finna ut kvar brotet har skjedd, men heldigvis fann dei fort ut av det denne gongen.

- Annonse -

– Då me for ut og leita så var vartnet kome opp på asfalten. Då slapp me å leita, og me fann fort ut kva kranar me skulle stengja.

– Korleis jobbar de no?

– Me held på å køyra om vatnet slik at flest mogleg får litt vatn i springen. Me har kalla ut mannskap og ventar på påvisning frå Haugesund. Sidan dette er ein hovudvassleidning så blir det meir omfattande å køyra om vatnet. Me må bruka sekundærleidningar for å frakta vatnet ut til Sagvåg, seie Kallestadbakken.

Kva tid vatnet kan koma tilbake tør han ikkje å spå.

– Det er vanskeleg å seia. No skal me grava opp, og det skal klorast i mange timar. Det vil nok vara i natt og utover i morgon også. Men me vonar som sagt at flest mogleg får litt vatn i springen, sjølv om det er dårleg trykk.

Eit så omfattande brot er ikkje kvardagskost for den tekniske avdelinga i kommunen.

– Det er ikkje noko kjekt, for det er mykje trafikk i området, og i tillegg er det glatt.