Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

– De har vore med og berga ei familie frå stor fare, skriv Frank Håvik frå Nytt Liv Sunnhordland i dette takkebrevet til alle som var med å hjelpte familien som var i kyrkjeasyl.

Frank Håvik frå Nytt Liv Sunnhordland. Foto: privat

To små gutar fekk far tilbake for ei veke sidan. Dei forstod nok ikkje kvar pappa hadde vorte av, og kvifor mamma så lett tok til tårene. Den gnagande frykta for at politiet skal komme og hente dei slepp ikkje taket. Derfor kom det kvar dag folk på besøk, nokon var innom nokre timar, andre heile dagar. Når kvelden kom dukka det alltid om ei smilande kvinne som sov saman med dei i lokalet.

Kyrkjeasyl er ikkje greit eller enkelt for nokon. Men av og til nødvendig for å demme opp for styresmakter som ikkje gjer jobben sin på forsvarleg vis. Denne gongen var det vi i Nytt Liv som fekk denne utfordringa rett i fanget. Heldigvis har dei fleste stor forståing for at slike verkemiddel av og til må takast i bruk. Mange land har liknade «sikkerhetsventilar». Det er utfordrende å gå imot myndighetene, og gje folk i livsfare beskyttelse. Men vi var aldri i tvil om kva vi måtte gjere og at vi hadde mot til å gjere det. Advokatane støtta oss og ga oss mot til å fortsette.

Ikkje alltid gjer myndigheter rett, det viser saka vi står i. Rettssak og deretter kjennelse gav familien full tillit og medhold i absolutt alle punkt. UNE hadde lite og ingen ting å svare med, og måtte innsjå at retten fatta ei avgjerd der dei fekk både refs og gjekk på eit sviende nederlag. Retten erkjenner at denne familien er i livsfare og treng vern her i landet, stikk i strid med UNE sitt syn på saka. Sjølv UNE sin advokat måtte innrømme at vi hadde rett.

Det burde ikkje vere nødvendig å ta det til retten igjen, og det er heller ikkje sikkert det vert resultatet.

Takk til alle frivillige som har stilt opp som vakter gjennom sju veker. Takk for alle gaver til barna og til dei vaksne  Takk for matvarer og penger som er gitt til hushaldningsutgifter. Takk for gaver til advokatutgifter og reiser. De har vore eineståande. Folk langt utanfor menighetsmiljøet har komme og stilt opp. Frå Askøy i nord til Sauda, Jelsa og Sand har det kome folk og hjelp oss. Sant nok har det falle på meg og koordinere, men utan fotfolket hadde det ikkje gått.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Tusen, tusen takk til alle for omsorg, omtanke og støtte. Takk til familier med små barn som har kome så gutane skulle få fleire å leike med. Nokon tok med grillar og grillmat og var med å letta kvardagen. Ein gut frå Bømlo sende legoklossane sine til gutane i kyrkjeasylet fordi han tykte så synd i dei. Ei rørande handling, og han må gjerne ta med mor og besøke familien. Dei vil gjerne møte dei.

 

Frank Gunnar Håvik