Dei ivrige turdamene Angunn Bårdsen og Eli Vestbøstad serverer jubileumskake. Foto: Kjetil Rydland.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Ein flokk «raudegardistar» sette sitt preg på Fitjar sentrum laurdag, då dei feira 25-årsjubileet for Stord-Fitjar Turlag.

Av: Kjetil Rydland, Fitjarposten

Den raude horden som invaderte gata utanfor Spar-butikken til Larsen laurdag, var av det særs fredelege slaget. Dei serverte nydeleg marsipankake og ikkje fullt så nydeleg bålkaffi til interesserte forbipasserande.

Dei yngste fekk premie av Angunn Bårdsen etter at dei hadde gjennomført ei kort TIPPTUR-løype i Håkonarparken. Ikkje alle oppgåvene var like enkle; Victoria og Marius Drønen var veldig usikre på kva slag bæsj du kan eta utan å verta dårleg. Og det låg jo ikkje akkurat til rette for å testa dette ut …

Victoria (5) og Marius (9) Drønen på TIPPTUR i Håkonarparken. Foto: Kjetil Rydland.

Men dei skein om kapp med sola, til liks med dei vaksne som blei med på jubileumsarrangementet i Sentrum i dag. Angunn Bårdsen serverte marsipankake saman med Eli Vestbøstad. Og dei klarte å rekruttera nokre nye turlagsmedlemmer, som kunne smykka seg med ei flunkande ny DNT-lue etter innmeldinga.

- Annonse -

Etter det me kunne sjå, var det helst turfolk av den eldre generasjon, og dei aller yngste, som møtte opp til dagens feiring. Men det ser ut til at Turlaget opplever ei blomstringstid på Stordøya, med over 1200 medlemmer og stadig aukande aktivitet. Laget har engasjert seg mykje i Fitjar i det siste, og me ønskjer laget 25 nye gode år.

- Annonse -
- Annonse -

I Vidsteenparken i Leirvik vart det arrangement for ungane, med løp «Parken rundt», aktiviteter i Parktoppen. Her gjekk det mellom anna i i friluftsliv med telt, hengekøye, slengtau og båltenning.

- Annonse -