Ingen av rekkehusa som er planlagt i Hatlandsåsen er blitt selt. No går Vestbo i gang med bygginga uansett. Foto: Vestbo
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Vestbo har ikkje fått selt eit einaste av rekkehusa dei har planlagt i Hatlandsåsen. Eigedomsmeglar trur skulekrinsa er ein årsak til det manglande salet.

I fjor vart det klart at Stord kommune endrar skulekrinsgrensene grunna den sprengte kapasiteten på Langeland skule. Dermed må alle familiar som bur i områda Hornelandsvågen og Hatlandsåsen sende ungane sine til Tjødnalio skule, meir enn fem kilometer vekke.

Avdelingsleiar i Eiensomsmegler 1 på Stord, Bente Faksnes.

Denne veka melde Sunnhordland at Vestbo no vil gå i gang med bygginga av rekkehusa dei har planlagt i Hatatlandsåsen, trass i at ingen er selt.

Avdelingsleiar i Eiendomsmegler 1 på Stord, Bente Faksnes, trur endringane i skulekrinsen  har fått konsekvensar for bustadmarknaden i bydelen, og ein årsak til at Vestbo sitt manglande sal.

– Eg trur absolutt endringane i skulekrinsane er ein viktig faktor til at Vestbo sitt prosjekt ikkje har blitt selt. Me har sjølv hatt ein bustad liggande ganske lenge for sal i Hornelandsvågen, så det er godt mogleg at skulekrinsen kan vere ein årsak til det manglande salet.

Upopulært med burettslag

Ho trur ein anna forklaring er at burettslag ikkje er så populært for tida.

- Annonse -
- Annonse -

– Me mekar også at det er mange som ikkje er interessert i burettsslag. Folk vil ha kontroll på låna sine sjølve og er ikkje interessert i faste felleskostnadar. Det vil nok ikkje Vestbo seie sjølv, men det merkar me som sel desse bustadane.

– Kor viktig er nærleik til skule når folk bestem seg for kor dei skal bu?

– Det er veldig viktig. Spesielt når ein har ungar på barneskule. Då er det gjerne også idrettsanlegg og hallar, så dette er viktig for folk. Hadde dei fått ein barneskule der ute i marka hadde nok situasjonen vore heilt annleis. Her er det jo utsikt, masse sol og kort veg til Heiane.

- Annonse -

Vil bygge uansett

Kurt Arne Tyse er dagleg leiar i Frontagruppen. Foto: Fronta

Men Fronta Bygg lar ikkje endringane i skulekrinsa stoppe sine planar i Hatlandsåsen. Dei er no klare til å gå i gang med bygginga av to bustadblokkar med 18-20 leilegheiter.

– Det er ikkje tvil om at skulekrinsa vil påverke salet. Men vil likevel gå i gang med å bygge ut no, og vil sende byggemelding om eit par veker. Folk er interessert i bustadar dei kan ta over om ein månad, det er difor me bygger ut uavhengig av om me har selt eller ikkje, seier Kurt Arne Tyse.

Han trur nettopp at årsaka til at Vestbo ikkje har lukkast er at folk er interessert i bustadar dei kan ta over raskt.

– Me ser at folk ikkje er villige til å kjøpe og bestille bustaden sin meir enn eitt år før dei flyttar inn. Dersom Vestbo bygger ut no vil det nok bli lettare å selje.

– Trur du de kan ende opp med tomme leilegheiter?

– Nei, det trur eg ikkje. Her er det mange gode kvalitetar og god utsikt. I tillig til at det er såpass nærme Heiane, som er den største arbeidsplassen på Stord, seier Tyse.

Fronta vil gå i gang med bygging av to blokker i Hatlandsåsen.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -