Sigurd Andre Maraas, Karen Elisabet Rydland Sæbø og Harald Rydland. Foto: Ingrid Hovstad
- Annonse -

Dei nye styrande partia i Fitjar, beståande av KrF, Sp og Frp, inviterte til pressekonferanse fredag.

– La me starta med å takka veljarane, det er dei som har gitt oss denne tillita. Eg vil ogso takka forhandlingsutvalet, dei har eg hatt stor tillit til, starta Harald Rydland, dagens pressekonferanse.

Han gler seg til å ta til ordførarvervet att, men legg ikkje skjul på at han treng å driva med andre ting samtidig.

– Eg ynskjer å vera ordførar 80% av tida, slik eg var sist eg hadde vervet. Eg treng å få vera i fjøset, snakka med dyra og bli skiten på nevane. Eg får nokre av mine beste idear der.

Koalisjonen kjem til å leggja fram saka for kommunestyret allereie på konstitusjonsmøtet i oktober.

– Eg vil ogso at kommunestyret tek stilling til om Sigurd Andre Maraas kan vera ordførar dei siste 20 prosentane. I dag er varaordførarjobben på 8 prosent, so då kjem me til å spara inn desse 8 prosentane, fortel Rydland.

- Annonse -

Sigurd Andre Maraas fortel at han stiller seg villig til denne ideen, men at det er kommunestyret som bestemmer. Han ser fram til jobben som varaordførar.

– Eg og Harald Rydland gjekk jo ut med at me ynskja kvarandre til varaordførar. Me jobbar godt i saman, og eg trur Fitjar skal nyta godt av dei nettverka me har. Me har mykje ting me vil få til som ordførar og varaordførar saman, fortel Maraas.

Formannskapet

Karen Elisabeth Rydand Sæbø fortel at koalisjonen vil gå i gang med eit politisk måldokument så snart som råd.

– Det er viktig at me får eit slikt dokument på plass, og at me dermed får eit godt utgangspunkt for dei neste fire åra.

Ho kan fortelja at Senterpartiet får fleire posisjonar ut av samarbeidet. Grete Marit Veka Maraas får fortsetja som leiar i utval for oppvekst og omsorg, Sæbø sjølv får plass i formannskapet, medan Kristian Skumsnes vert nestleiar i plan og miljø.

– Kvifor får ikkje Kristian Skumsnes plass i formannskapet, når det er han som får mest tillit av veljaren?

– Eg veit ikkje om veljarane i Fitjar gav Skumsnes personstemmer og slengjarar fordi dei ville ha han i formannskapet, men eg var sett opp som førstekandidat, og har meir politiske erfaring enn Skumsnes. Styret i Senterpartiet og forhandlingsutvalet står bak denne avgjersla, svarer Sæbø.

Ho legg til at Kristian Skumsnes vert 1.vara i formannskapet for alle dei tre i koalisjonen.

– Det går ogso på kjønnsbalansen. Alternativet til denne koalisjonen var forholdsval med listeframlegg kvar for oss, då hadde Framstegspartiet sine representantar hamna i kontrollutvalet, stør Harald Rydland.

– Veljarane viser at eg har tillit, blant anna gjennom at eg fekk flest slengjarar. Det er raust av dei andre å gå saman om eit listeframlegg, fortel Maraas.

Sigurd Andre Maraas, Karen Elisabet Rydland Sæbø og Harald Rydland. Foto: Ingrid Hovstad

Eigedomsskatt

Koalisjonen ser no fram til arbeidet om eit politisk måldokument. Dei legg ikkje skjul på at dei er ueinige i fleire saker, men fortel at dei vil prøva å nærma seg kvarandre i desse sakene, som til dømes om eigedomskatten.

– Det handlar om å finna nye inntektskjelder, slik at me kan redusera, og på sikt fjerna eigedomskatten. Alle i koalisjonen er nok einige om det, seier Maraas, til nikk frå dei to andre.

– Me er nok litt meir pessimistiske til om det er mogleg å fjerna den, men ingen ynskjer jo eigedomsskatt om ein kan driva kommunen utan, legg Sæbø til.

– Me må hugsa at Fitjar kommune sin økonomi ikkje går so gale, som ein av til får det til å høyrest ut, men ein må finna realistiske erstatningar, og gjera prioriteringar, fortel Rydland.

Når det gjeld saker dei er einige om å prioritera kjem å halda liv i grendaskulane, kampen mot vindkraft, det høge sjukefråværet i kommunen og å starta arbeidet med arealplanen fram.

- Annonse -