Illustrasjonsfoto.
- Annonse -

Politiet har avhøyrt vitne etter brannen.

I 01-tida natt til søndag fekk naudetatane melding om brann i ein bosdunk i Leirvik sentrum, ved Bytunet.

Politiet og brannvesenet rykka ut og det vart fort kontroll på brannen. Det var heller ingen fare for spreiing, opplyser Sørvest politidistrikt.

– Det er mistanke om at brannnen er påsett, melder politiet.

Vaktsjef ved Haugesund politistasjon, Birgitte Pedersen, opplyser at det er teke avhøyr av nokre vitne og at saka vil bli etterforska vidare av politiet.