Det har vore nokre særs kalde dagar på jobb, også for dei tilsette ved Stord lufthamn. Foto: Stord lufthamn
- Annonse -

Meteorologisk institutt melder at Stord lufthamn Sørstokken sette ny kulderekord for ein februardag natt til 28. februar, og også marsrekord i natta som var.

Den nye rekorden februar er på -11,1 grader, og blei målt natt til 28. februar. Dette er meir enn tre gradar kaldare enn den tidlegare rekorden på -7,8 som er frå 3. februar 2010.

Også i natta som var har det vore bitande kaldt på Sørstokken, med -9,9 gradar.

– Det er svært mogleg at dette også er ny marsrekord for Stord, men desse tala har eg førebels ikkje oversikt over, seier meterolog Lars Andreas Selberg ved Meteorologisk institutt.

Klimaavdelinga i meteorologisk institutt stadfestet etter kvart at det også var kulderekord i mars på Stord. Førre rekord for mars var 11. mars 2013 då det vart målt -8,1 grader på Sørstokken.

Selberg opplyser at det på Slåtterøy fyr på Bømlo vart målt til minus 8,3 i natt. Men ingen stadar i vår region slår dei ekstreme temperaturane det har vore på Folgefonn skisenter i natt.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Eg må nesten nemne Folgegonna. Dei hadde i natt ein temperatur på minus 17,9 gradar. Samtidig har dei hatt ein vind på stiv kuling. Effektiv kulde var dermed ein stad mellom minus 30 og minus 35 gradar.

Ein definitiv kulderekord for mars har det vore i Bergen. BT skriv at det i natt vart målt minus 12,0 på Florida målestasjon, som er ein tangering av en eldgammal rekord frå 6. mars 1888.

Meteorologen kan forsikre om at den verste kuldeperioden no snart er forbi.

– Morgondagen vi starte veldig kaldt, men i løpet av dagen vil det skye til og bli litt mildare. Det kan kome eit lettare snødryss på kvelden. Helga blir meir skya vêrtype og perioder med sol. Temperaturar på eit par kuldegrader.