Det var Vitus-apoteket i Triobygget som blei rana. Foto: Google Maps
- Annonse -

Ein ung mann blei arrestert av politiet måndag morgon, etter å ha truga til seg medikament på Vitus-apoteket i Leirvik sentrum.

– Personen skal ha truga med kniv. Ingen skadde. Etter god innsats av politipatruljane blei ein mistenkt pågripen kort tid etter, melder Sør-Vest politidistrikt på Twitter.

Det var i 9.30 måndag morgon at hendinga skal ha skjedd. Det skal berre ha teke eit kvarter fram til personen vart arrestert.

– Me klarte etter kort tid å pågripe vedkomande i sentrum. Han skal ha fått med seg noko medikament, men me veit ikkje i detalj kva det er. Men det skal ikkje vere snakk om pengar, seier operasjonsleiar i Sør-Vest politidistrikt Irene Ragnhildstveit.

Det er ein ung tenåring som sto bak trugselen. Politiet har førebels ikkje informasjon om han er lokalt heimehøyrande på Stord.

- Annonse -

– No held me på å nøste opp i dette og tek avhøyr av dei involverte. På noverande tidspunkt har eg ikkje så mykje meir informasjon.

- Annonse -
- Annonse -

Apoteket er no stengt.

Saka vert oppdatert.

- Annonse -