Dette er eitt av dei draumande bileta av Trude Hisdal som du kan få sett på Galleri Giga frå og med førstkomande laurdag.
- Annonse -

Tilhøvet mellom menneske og natur er tematikken som går igjen i maleria som kunstnaren Trude Hisdal skal stille ut på Galleri Giga frå førstkomande laurdag.

Det kan synast som at våren verkeleg har innteke Galleri Giga, for det er naturen med plantar, dyr og menneske som er den raude tråden i den nye utstillinga til Trude Hisdal.

Kunstnaren er opprinneleg frå Bergen, men bur og arbeider i Rosendal, og malar med akryl på lerret. Ho har utdanning frå Statens høgskule for kunst og design i Trondheim og Bergen.

Sjølv skildrar ho kunsten sin slik:

– Eg er oppteken av den langsame, handgjorte prosessen som ligg bak kvart maleri. Under det endelege bilete ligg det ein serie av andre bilete, og fordi eg gjerne vil overraske meg sjølv så har eg ingen formeining på førehand om korleis det ferdige maleriet skal sjå ut.

Utstillinga vil opne førstkomande laurdag kl. 13:00. Ved opninga vil det vere musikkinnslag med Cecilie Anna Rønhovde, som for øvrig også spelte på lanseringa til Stord24.

- Annonse -
- Annonse -