John-Inge Rolfsnes. Foto: Misje foto
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

John-Inge Rolfsnes frå Stord startar «crowdfunding» foir å gi ut si første plate.

– Eg har helde på med musikk sidan eg var tenåring. No har eg lyst å gi ut eit heilt album, seier stordabuen.

Rolfsnes har vore eit kjend namn i det lokale musikkmiljøet sidan tidleg på 1990-talet, då som aktiv deltakar i Stord Rockeklubb.

No er han klar til å ta steget ut og vil gi ut si første plate. For å klare det har han starta folkefinansiering, eller «crowdfunding», for å samle inn pengar til å gi ut plata.

– Eg har litt erfaring med dette frå før, då eg gav ut EP i 2016. Eg fekk inn ein god del sist, og det er jo veldig kjekt. No trør eg til for og prøvar samle inn ein litt større sum. Prosjektet vil bli gjort uansett om eg når målet eller ikkje. Det er ein litt utradisjonell måte å gjere det på, men er blitt vanlegare og vanlegare i musikkverda i dag, seier stordabuen.

I tillegg til EP’en «Nådens År» frå 2016 gav han i fjor ut to singlar. Han vann kåringa Sunnhordlandslåta for ein av desse låtane i 2017.

- Annonse -
- Annonse -

Rolfsnes budde i Trondheim ein lengre periode, fram til han flytta heim til Stord i 2010.

– I denne perioden bygde eg opp eit band rundt låtane mine som heiter Skrent. Me gav ut to album i løpet av dei åra. Det var startgropa i forhold til det å gi ut musikk, seier han.

- Annonse -

– Ellers er eg er ein kar som går og trakkar litt på bedehuset, så eg driv mykje med musikk der.

– Korleis vil du skildre musikken din?

– Det er alltid det kjedeligste spørsmålet eg får. Eg vil tru at ein kan kalle det vise-pop-rock. Eg har vakse opp i storheitstida til Bjørn Eidsvåg og Sigvart Dagsland. Det har nok forma måten eg skriv på.

Rolfsnes seier han ikkje har noko konkret plan på kva tid debutplata kjem ut, men slår fast at det blir i løpet av 2019.

Plata vil bli spelt inn i studioet til Frode Sæverud frå Stord. Han vil også bidra på tagentar. Utanom Sæverud har han fått med seg Svenn Liodden på trommer, Jørn Olav Myhre på bass og Jonas Selås Olsen på el-gitar.

- Annonse -