Foto: US Army
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Stordabuen Sigurd Olaf Thorsen døydde i ei tragisk bilulukke like etter 2. verdskrig, der han mellom anna deltok på invasjonen av Normandie. 

– Eg treng hjelp til å lokalisere slekta og grava til ein krigshelt frå Stord, skriv Jens Inge Egeland i ein epost til Stord24.

Krigshelten det er snakk om er Sigurd Olaf Thorsen, som var fødd i Leirvik i 1912. Han tenestegjorde i den norske avdelinga av den amerikanske hæren og deltok i invasjonen av Normandie for 75 år sidan.

Avdelinga hans hadde namnet 99th Infrantry Batallion, og var kjend som Vikingbataljonen.

Thorsen døydde under tragiske omstende rett etter krigen var slutt. 12. september 1945 vart han drepen i ein bilulukke utanfor Hønefoss medan han var på vakt.

Han vart sendt til heimstaden Leirvik der han vart gravlagd.

- Annonse -

– Han vart gravlagt i nærleiken av Leirvik, opplyser Egeland.

I følgje nekrologen som Egeland har lagt ved, hadde han ei søster på Stord som heitte Solveig Høyland, og ein bror som heitte Rudolph. Dei tre andre søskena hans budde i New York.

Dersom nokon har informasjon om Thorsen kan dei kontakte Egeland på tlf. 45 29 80 55.

- Annonse -