Me har samla nokre godbitar frå Stord24 sitt arkiv. Foto: Vindblikk/Stord lufthamn/Stord24/Elias Engevik
- Annonse -

Me har plukka ut sju saker frå Stord24 sitt arkiv som du kan lese i påsken.

Påska er ein tid for å senke pulsen, og ha overskot til å setje seg i sofakroken og lese. Samtidig er det ei fredeleg tid, med lite nyhende i avisene.

Difor har me plukka ut sju tidlause saker frå Stord24 sitt arkiv som er verdt eit attsyn.

– Han var ein person som torde å leve, men det kosta han også livet

– Han levde i alt han gjorde, det er eit inntrykk eg har fått meir og meir av, fortel regissøren om Kristian. Her avbilda under filminga. Foto: Elias Engevik

Kristian Tolås Trondsen frå Stord mista livet i ei basehoppulukke i januar 2018, halvvegs i innspelinga av ein dokumentarfilm som skulle handle om han. Det blei ein heilt anna film enn kva regissøren hadde planlagt.

Les saka her.

Marit fekk Parkinson før ho fylte 50 år: – No ser eg positivt på framtida

– Eg tok eit val om å forhalde meg til sjukdomen og tilpasse livet, i staden for å «deppe» og vere redd, fortel Marit Digernes. Foto: Cassandra G. Jespersen/Stord24

Parkinson er ein sjukdom mange forbinder med alderdom. Korleis er det å få ein slik diagnose når ein er ei frisk kvinne i 40-åra? Marit Digernes frå Stord fortel i dette intervjuet om korleis ho har forsont seg med sjukdomen, og har gått frå «å gjere til å vere».

- Annonse -

Les saka her.

Flyulukka på Stord lufthamn – 20 år etter

Foto: Stord lufthamn

Hausten 2018 var det 20 år sidan den tragiske flyulikka på Stord lufthamn Sørstokken, då ni personar omkom. Stord24 intervjua då Jarle Jæger frå Stord, som var den første som kom til ulukkesstaden. Det er den einaste gongen han har stått fram med historia si i media. Sjå også minidokumentar om ulukka, filma og redigert av Magne Langåker.

Les saka her.

Ung asylsøkjar fekk livet øydelagt etter utelivsvald i Leirvik

Det var på denne benken på Deli de Luca at ein stordabu og ein ung asylsøkjar barka saman. Det førte til at sistnemnde fekk alvorlege skader. Foto: Jonas Sætre/Stord24

– Eg hugsar ingenting om kven eg er eller kvar eg kjem frå. Mange gonger tenkjer eg at eg er født som 20-åring, forklarte den unge mannen i Sunnhordland tingrett i februar i år. Den spesielle saka viser dei store konsekvensane som utelivsvald kan ha. Ein stordabu står tiltalt for kroppsskaden som skal ha forårsaka traumene til asylsøkjaren.

Les saka her.

Gunnar opplevde ei hand på skuldera som stansa han frå å rekke bussen. Like etter small det.

Gunnar Ingebrigtsen er ein av dei faste middagsgjestae på Sagvåg Kafé. Foto; Jonas Sætre/Stord24

Mange på Stord kjenner Frelsesarmé-soldat Gunnar Ingebrigtsen. Men ikkje alle kjenner til den utrulege historia hans som skulle forandra livet hans på 1970-talet.

Les saka her.

Forfattar Siri Økland er ikkje redd for å døy. Likevel hender det at jula får fram dei vonde kjenslene.

Five years and counting, seier Økland, som ser på det som ein bonus at ho har fått fem år etter ho fekk uhelbredeleg kreft. Foto: Vindblikk

Korleis er det å vere forfattar når ein har ein uhelbredeleg kreftdiagnose? Det fortel Stord-forfattar Siri Økland om i dette intervjuet. Ho fekk brystkreft som 37-åring, og har forsont seg med skjebna si.

Les saka her.

Aman Ulla kom til Litlabø mottak som 15-åring i 2015. Vart funnen død i Paris.

Aman Ullah (nærast) var ein engasjert og blid gut då han budde på Litlabø mottak. Biletet er frå Friluftsfestivalen på Litlabø i 2016. Her saman med kameraten Israr. Foto: Jonas Sætre/Stord24

Den sterke saka om Aman Ulla er ein av dei mest leste sakene våre. Afghanaren som kom til Stord som 15-åring, vart eit bilete på det tragiske utfallet flyktningekrisa i 2015 fekk for veldig mange unge einslege asylsøkjarar.

Les saka her.

- Annonse -
Forrige artikkelSjå Gerda sine turtips for påsken: – Hystadmarkjo er akkurat no på sitt finaste
Neste artikkelNy forsking: Virusspreiing kjem av menneskeleg aktivitet
Jonas Sætre er redaktør og journalist i Stord24. – jonas@stord24.no