Foto: Brandasund Fiskemottak
- Annonse -

– Å sloss mot staten er ingen spøk, melder Brandasund Fiskemottak.

Brandasund Fiskemottak måtte eigentleg møte i Sunnhordland tingrett til våren fordi dei ikkje ville godta ein gigantbot på 200.000 kroner. Men skal politiet ha droppa heile saka.

– Etter lengre tids press og stress fekk me i dag ei fantastisk gladmelding. Saka som fiskeridirektoratet og politiet hadde mot oss vart i dag trekt, opplyste Brandasund Fiskemottak på Facebook-sida si fredag.

Stord24 skreiv om saka i november i fjor, då det vart kjent at fiskemottaket fekk ein bot på 200.000 kroner. Då selskapet nekta å betale denne bota, skulle det bli rettssak.

Manglande rapportering

Bakgrunnen for boten var i følgje politiet at selskapet i 2017 unnlot å føre laupande og fullstendig journal med opplysningar om eit kvart mottak av fisk ved mottaksanlegget.

Dagleg leiar i Brandasund Fiskemottak, Torbjørn Waage, sa til Stord24 i november at årsaka til lovbrotet var ei misforståing.

- Annonse -
- Annonse -

– Dette skjedde grunna innføring av eit nytt journalsystem. Det som skjedde var at me hadde ein dispensasjon frå direktoratet i påvente av kva form for journalføring me skulle ha.

– Me trudde at me hadde ein dialog med direktoratet om dette. Så sat det visst ein mann nokre etasjar under og meldte oss til politiet. Det finst ikkje misleghald av nokon ting i denne saka sa Waage.

- Annonse -

– Har aldri vore juks

No melder altså fiskemottaket at dei har fått medhald i dette.

– Me vil understreke at det aldri har vore snakk om juks med ressursar. Dette var ei rein journalføringssak, der myndigheitene hevda at me viste uvilje mot å innføre systemet. Dette har me motbevist, ved å legge fram dokumentasjon på alt me har gjort for å få systemet igang.

Dei viser til at dei hadde sendt inn ein dispensasjonssøknad om utsetjing av rapporteringa, som fiskeridirektoratet brukte sju månadar på å handsame, og at bedrifta så brukte fire månadar på å få på plass eit godkjent journalføringssystem.

Waage fortel at det har vore ein hard kamp å bli trudd av staten.

– Å sloss mot staten er ingen spøk. Me er takksame for all støtte me har fått i desse to åra saka har hengt som ei mare over oss. No skal me legge frå oss skjolda og berre segle framover mot nye mål.

Etter lengre tids press og stress fekk me idag ei fantastisk gladmelding. Saka som fiskeridirektoratet og politiet hadde…

Geplaatst door Brandasund Fiskemottak op Vrijdag 31 januari 2020