Kvinnherad-ordførar Peder Sjo Slettebøs. Foto: Høgre
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Kvinnherad-ordførar Peder Sjø Slettebø kunngjorde plutseleg torsdag kveld at han likevel ikkje vil vere Høgre sin ordførarkandidat.

Det var under møtet i formannskapet i Kvinnherad at Slettebø kunngjorde at han ikkje lenger ønskjer å vere ordførar.

Slettebø opplyste frå talerstolen at ham den siste tida har vore utsett for mykje press, noko som skal vere årsaka til at han trekk seg.

– Det har vore eit privilegium å vera ordførar, men at det i siste del av perioden har blitt stilt spørsmål om mine motiv, mine framgangsmåtar og mine handlingar, formidla Slettebø i følgje Grenda.

Han viste vidare til at det har vore stilt spørsmål ved kva verkemiddel han nyttar, og «til og med også ved mitt demokratiske sinnelag.»

– Med dette er integriteten min blitt trekt i tvil. Det kan eg ikkje leva med, sa Slettebø.

- Annonse -

I innlegget viser han også til stadig større usemje mellom han og politikarar frå samarbeidapartia.

– Eg konstaterer at eg ikkje lenger framstår som ein samlande ordførar for Kvinnherad, skriv Slettebø.

Høgrepolitikaren har vore ordførar i Kvinnherad sidan 2015.

- Annonse -