Morten Thunestvedt smilte ikkje like breitt då han såg forslaget om lønnskompensasjon til leiarar i Fitjar kommune. Arkivfoto: Kjetil Rydland.
- Annonse -

– Det einaste rette er å trekkja denne løyvinga tilbake eller løyva lønnskompensasjon til alle arbeidstakarane i kommunen, skriv Morten Thunestvedt i eit lesarinnlegg.

Av Morten Thunestvedt, tilsett i Fitjar kommune

Dette synest eg er heilt utruleg og i beste fall ganske «umusikalsk», og det gjer meg opprørt. Korleis kan rådmannen i det heile forsvara dette?

Eg ser at ein del av grunngjevinga er at desse leiarane har nytta fritid til jobb og ikkje får kompensert for dette.

Dette gjeld dei fleste av oss tilsette i kommunen i denne tida. Dersom rådmannen lever i den villfaringa at me har fått kompensert for den ekstratida me har nytta, både på skulen og på heimekontor i nedstengingstida, så bør ho realitetsinformerast.

Etter mitt syn er eit slikt vedtak bortimot ein hån mot, og ein mangel på respekt for, den jobben andre arbeidstakarar i kommunen innan alle etatar har gjort, og gjer, i denne tida.

- Annonse -

Det einaste rette er å trekkja denne løyvinga tilbake eller løyva lønnskompensasjon til alle arbeidstakarane i kommunen.

Eg kan ikkje tenkja meg at dette «smakar» særleg godt for desse det gjeld.