Kværner arbeidar no med å kartlegge historikken til sveisarane frå den mykje brukte underleverandøren. Foto: Kværner
- Annonse -

Stord kommune har fått tre positive koronaprøvar av gjestearbeidarar på Kværner.

– Dei var utan symptom ved ankomst og ved testing, og er no isolerte, opplyser Stord kommune på heimesidene sine.

Stord kommune opplyser at gjestearbeidarane har vore i karantene sidan dei kom til Stord.

– Dei har altså ikkje vore i arbeid sidan dei kom.

Karantene held fram for dei andre medan sporing av nærkontaktar vert gjort, opplyser Stord kommune.

Kommunelege Lars Helge Sørheim opplyser at dei tre arbeidarane blei testa på Kværner sine eigne testfasilitetar. Han viser til Kværner for fleire opplysningar.

- Annonse -

– Det er Kværner som har detaljar utover det som ligg på nettsida, seier Sørheim.

– Vi har vore førebudde på dette

Kommunikasjonssjef i Kværner på Stord, Odd Naustdal stadfester at det er tre innleigde personar som har testa positivt for Covid-19.

Kommunikasjonssjef i Kværner, Odd Naustdal. Foto: Camilla Aadland/Sysla

– Dette er innleigde personar som ankom frå Polen på søndag. Dei vart sett i karantene og testa for Covid-19 på søndag. Svaret kom i går kveld.

Kværner har frå før etablert ein såkalla isolasjonsbrakke som del av deira beredskap, og det er her dei tre polakkane no oppheld seg. 

– Vi har vore førebudde på at det før eller seinare vil vere nokre som er smitta blant dei arbeidarane vi tek inn, så dette har vi prosedyrar på, understrekar kommunikasjonssjefen. 

Bistår i smittesporingsarbeid

Naustdal fortel vidare at arbeidarar som kjem inn frå EØS-land må testast for koronavirus to gonger, og at dei ved første negative test får byrje å arbeide ved verftet.

Fram til test nummer to er gjennomført nokre dagar seinare, er arbeidarane i fritidskarantene. 

– Når også den testen er negativ slepp dei denne karantenen. 

No bistår Kværner smittevernlegen i oppsporingsarbeidet  av eventuelle nærkontaktar. 

– Ingen av dei 252 arbeidarane slepp ut av karantene før arbeidet med å definere nærkontaktar er ferdig, slår Naustdal fast.