Illustrasjonsfoto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Rett før klokka 7 måndag morgon fekk politiet melding om innbrot i YX-stasjonen i Sagvåg.

Innbrotet vart oppdaga etter at ein vekter oppdaga ei knust rute på bensinstasjonen.

I 12.30-tida meldte Sør-Vest politidistrikt på Twitter at dei hadde brakt inn tre unge gutar til lensmannskontoret for ein samtale, saman med deira føresette.

– Ei rute er knust på staden og uvedkomande har teke seg inn. Patrulje har vore på staden og føretatt åstadsundersøkingar, opplyser Sør-Vest politidistrikt.

Gutane er mistenkt for innbrotet, som av politiet vert rekna som grovt tjuveri.

Dei mistenkte er i alderen 13 til 15 år.

- Annonse -

– Politiet følgjer opp saka med barnevernet, melder politiet.

I følgje Sunnhordland fekk ikkje gutane med seg stort frå innbrotet. I løpet av dei tre minutta dei var inne på bensinstasjonen fekk dei berre med seg noko snop.