Illustrasjonsfoto: Daniel DeNiazi
- Annonse -

Tropevarmen gjekk til hovudet på tre menn i Leirvik sentrum natt til laurdag. Ein av dei gjekk med kniv i i gatene og vil bli politimeldt.

Den første bortvisinga skjedde klokka 01 natt til laurdag.

– Politiet kontrollerte ein rusa mann i midten av 30-åra. Han oppbevarte mindre mengd narkotika og ein kniv. Mannen vil bli politimeldt, opplyser Sørvest politidistrikt på Twitter.

Så gjekk den ein knapp time før politiet måtte hanske med ein ny natteranglar.

– Ein mann i midten av 30-åra blei vist vekk frå Leirvik sentrum, då han oppførte seg ufint i rusa tilstand.

Klokka 3.20 måtte politiet sende vekk ein ny person frå sentrum.

- Annonse -

– Ein mann i midten av 40-åra blei vist vekk frå Leirvik sentrum då han hadde ein ufin og kverulerande oppførsel i rusa tilstand.

- Annonse -