Rebecca Alsaker (t.h.) saman med sambuaren Linda Ånonsen (i midten) og dottera Amelia Thorland (16) utgjer "3 Piker". Foto: Amfi-senteret/privat
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Rebecca Alsaker har jobba på Amfi-senteret i Leirvik i årevis. No startar ho eigen gåvebutikk i saman med sambuaren, med god hjelp frå dottera.

– Eg har jobba sikkert 12-13 år på Amfi-senteret, på Glasmagasinet, Lindex og Mekk. Så eg er godt driven, og trur nok eg har ein god del kundar som hugsar meg.

No har Rebecca Alsaker bestemt seg for å ta steget ut og bli sin eigen butikksjef. Til sommaren opnar ho gave- og interiørbutikk.

– Det vil bli ein gåve- og interiørbutikk med fine prisar og ingen kjempedyre merke. Her vil det bli litt av kvart. Nokon ting du kan ete, litt servise og liknande saker, fortel Alsaker.

Familiebedrift

Butikken vil ho opne i lag med sambuaren Linda Ånonsen, og med god hjelp frå dottera Amelia (16). Det har også gitt opphav til namnet på butikken «3 Piker».

– Det blir ein liten familiebedrift, men det er eg som vil stå på frå morgon til kveld.

- Annonse -

Butikken vil opne i 1. etasje på senteret, i lokalet der Meny haldt til tidlegare. Her blir det ledige lokalet delt opp i to, der Alsaker skal drive eit butikklokale på rundt 100 kvadratmeter.

– Dette er ein super lokalisering rett ved Burger King, apoteket og Vinmonopolet. Blant dei beste lokala på senteret, vil eg påstå.

– Mange butikkar i Leirvik sentrum slit for tida. Kvifor trur du at du vil lukkast?

– Eg har vore i butikkbransjen i 20 år, så eg trur eg har god kjennskap til kva folk er interessert i. No er det heller ikkje noko rein gåvebutikk på Amfi-senteret frå før.

– Men no blir det berre å jobbe beinhardt i starten og få dette til å gå. Det er ikkje berre berre å starte opp for seg sjølv, vedgår ho.

Alsaker tek sikte på at butikken vil opne i starten av juli.

Endå ein butikk på veg

Senterleiar ved Amfi Stord, Hans Martin Haavik, fortel at den andre halvparten av butikklokalet også er på veg til å bli fylt.

– Det er ikkje offisielt kven det er endå, fordi me har ikkje signert kontrakt enno. Men eg trur me kan få ei stadfesting i løpet av veka.

- Annonse -