Illustrasjonsfoto: Daniel DeNiazi
- Annonse -

Fredag morgon fekk politiet melding om eit pågåande innbrot i ein bustad i Sagvåg.

Det var eit vitne på staden som varsla politiet klokka 07:00 fredag morgon.

– Patruljen ankom staden kort tid etter og fekk kontroll på tre personar som er kjenninger av politiet, skriv Politiet i Sør-Vest på Twitter.

Ifølgje operasjonsleiar Ander Oppedal ved operasjonssentralen i Sør-Vest politidistrikt, var det ingen heime i bustaden under innbrotet.

– Det ser ut til at dei tre personane har kome seg inn via ein terrasse, truleg gjennom eit vindauge.

Oppedal opplyser at dei tre personane var inne i huset då politiet ankom og at desse er under avhøyr.

- Annonse -

– Patruljen jobbar framleis på staden.

Han har på noverande tidspunkt ingen informasjon om bakgrunnen for innbrotet eller om dei tre mistenkte har ei tilknytning til bustaden.

– Det er usikkert kva som har skjedd, seier operasjonsleiaren.