Foto: Midtsiden
- Annonse -

Ein bil køyrde utfor vegen og hamna tilbake igjen i vegbanen. Tre menn i 20-åra er frakta til legevakta.

Rundt klokka 15.40 søndag ettermiddag meldte politiet om ei trafikkulukka på E39 ved Eide, like nord for kommunegrensa mellom Stord og Fitjar.

– Det er snakk om ein utforkøyrsel, der bilen har hamna tilbake igjen i vegbanen. Det er berre eitt køyretøy involvert i ulukka, opplyser operasjonsleiar Kurt Løklingholm i Sørvest politidistrikt.

Alle som var om bord, tre menn i 20-åra, er frakta til legevakta ved Stord sjukehus med ambulanse. Det skal ikkje vere snakk om alvorlge skadar, understreker politiet.

– Me snakkar ikkje om noko alvorleg ulukke her. Eg trur ikkje dei var alvorleg skada, seier operasjonsleiaren.

Dei tre mennene i 20-åra kjem alle frå Stord.

- Annonse -

Ulukka førte til større trafikale problem på staden, då vegen vart stengt i begge retningar.

– Akkurat no er bergingsbil på staden, så eg reknar med det ikkje går så lang tid før bilane kan køyre igjen, seier politiet like før klokka 16.30.