Frå testfasilitetane til Kværner på Heiane Vest. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Av dei om lag 270 utanlandske arbeidarane som kom til Stord søndag, har tre testa positiv for covid-19.

Det melder Stord kommune på nettstaden sin. Dei innleigde Kværner-arbeidarane ankom brakkebyen på Heiane søndag og vart meldt smitta med koronaviruset måndag, etter første test ankomstdagen.

– Isolerte, ikkje alvorleg sjuke og har ikkje vore i arbeid, skriv kommunen.

Totalt har Stord kommune no registrert 33 smittetilfelle, og det var ved utgangen av førre veke blitt utført 3.173 testar i kommunen.

Før helga vart det kjent at Kværner innfører krav om at utanlandske arbeidarar skal dokumentere ein koronaprøve før dei flyg til Noreg. Dette kjem i tillegg til dei to testane verftet har som rutine å ta ved innleigd, utanlandsk arbeidskraft.

Til kravet om test også før avreise stiller FHI seg skeptisk.

- Annonse -

– Ein kan fort tenkje seg at jo fleire testar ein tar, jo betre er det. Slik er det faktisk ikkje. Tek ein for mange testar og for hyppig, vert det vanskeleg å tolke resultata etter kvart, uttalte overlege for avdeling på smittevern og beredskap, Kristian Rødland, til NRK.