Den norske minejegeren KNM «Hinnøy». Foto: Kjell Sverre Aasheim
- Annonse -

Eit norsk, eit dansk og eit tysk minejaktfartøy segla tysdag forbi Stord, på veg frå Haakonsvern.

Ein tipsar har sendt oss fleire bilete av då krigsfartøya passerte sørsida av Stord, tysdag ettermiddag.

Nettsida Marinetraffic.com syner at krigsskipa er alle minejaktfartøy frå NATO.

Eit av skipa er norske 55 meter lange KNM «Hinnøy», som i følgje Wikipedia er Norges bidrag i NATO sin ståande minerydderstyrke.

- Annonse -

Dei to utanlandske skipa er tyske minejegaren Dillingen, og den danske minejegaren HDMS Thetis. Det danske skipet er det klart største av dei tre, med ein lengde på heile 112 meter, og eit mannskap på 57.

Den norske minejegeren KNM «Hinnøy». Foto: tipsar

- Annonse -