Søndag fekk tre personar påvist covid-19 på Stord. Foto: Wikimedia Commons
- Annonse -

– Ingen nye nærkontaktar, skriv Stord kommune.

Søndag meldte Stord kommune at tre personar har testa positiv for covid-19 på Stord. Alle er utanlandske arbeidarar ved Aker Solutions.

Dei vart meldt smitta etter andre test og har vore i karantene frå ankomst. Dei er no isolerte.

– Ikkje alvorlege symtom, melder kommunen.

Dette er dei første smittetilfella sidan 21. april då fem personar, tre vaksne og to barn, testa positiv for koronaviruset.

Sidan pandemien braut ut har 293 personar fått påvist covid-19 på Stord. Ved utgangen av førre veke hadde det blitt utført 13.058 testar.

- Annonse -