Illustrasjonsfoto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Minst fore garasjar har fått besøk av tjuvar i natt. Til no har det blitt fråstelt ein motorsykkel, ein grasklyppar og meldt om skadeverk på ein bil.

OPPDATERING: Stord24 har fått tips om at det også er skjedd eit innbrot i Kringsjå. 

– Eg har vorte frastjålet racersykkel, rulleski og anna sportsutstyr. Dette er også meldt til politiet, seier bebuaren, som ønskjer å vere anonym.

Politiet på Stord har fått nok å henge fingrane i søndag.

Først vart det meldt om innbrot på Stord ungdomsskule. Seinare på ettermiddagen fekk politiet også melding om innbrot i minst tre garasjar i Lyhaugen utanfor Leirvik sentrum.

Den første bebuaren meldte at ein lett motorsykkel var blitt stelt. Politiet opplyser at motorsykkelen har registreringsnummer TN 2967.

- Annonse -
- Annonse -

Når politiet kom til staden fann dei ut at det også var gjort innbrot i to andre nabohus.

– Dei fann ut at det har vore innbrot hos to andre naboar i same gate. Det er iallfall tre bustadhus som me no veit om, seier operasjonsleiar Helene Strand i Sørvest politidistrikt.

- Annonse -

I ein av desse garasjane er det blitt fråstelt ein grasklyppar, og gjort skadeverk på ein bil.

Politiet utelukkar ikkje at også fleire garasjar eller kjellarar i området har blitt råka, men har så langt ikkje hatt kapasitet til å sjekke med bebuarane.

– Nei, me har ikkje kapasitet til det. Folk må ringe inn viss dei oppdagar at det har skjedd dei noko. Dei tre tilfella er nærasta naboar, så difor vart det oppdaga medan me var der.

Politiet jobbar no parallellt med alle innbrota som har blitt meldt om i dag. Lyhaugen er berre ein kort køyretur frå Stord ungdomsskule.

– Det er jo ein tanke me har, så me vil sjekke dette nærmare. Men me veit førebels ikkje om det er ein samanheng.

Førebels har ikkje politiet motteke nokre tips om hendingane.

– Nei, me har ikkje det. Me har sikra nokre spor, men kva det er kan eg ikkje seie.

Operasjonsleiaren oppmodar bebuarar i Leirvik-området til å følgje ekstra med.

– Folk må følgje litt ekstra med. Er det folk som rek rundt som ikkje høyrer heime der, så må folk gi beskjed. Så følg med, rett og slett.

- Annonse -