Foto: Severin Eskeland
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Ingen vart skadd etter kollisjon i Vikabrekko torsdag ettermiddag.

Klokka 12.30 fekk politiet melding om at tre bilar hadde kollidert ved Vikabrekko i nærleiken av Leirvik skule.

– Dei involverte får behandling på staden. Det er store trafikale problem, sa operasjonsleiar Steinar Knudsen i Sør-Vest politidistrikt til Haugesund Avis.

Etter kvart får Stord24 opplyst at ein av dei skadde er frakta til sjukehus med ambulanse, og at dei to andre er så oppegåande at dei blei avhøyrt på staden.

Men så kom det inn ei melding at alle tre er uskadde.

– Akkurat no viser det seg at det er ingen skadde. Kvinna blei køyrt heim av ambulanse og ikkje til sjukehus slik som først var meldt, seier Knudsen til Stord24.

- Annonse -
- Annonse -

Alle dei involverte skal vere «vaksne damer», oplyser politiet.

- Annonse -

– Den eine bilen er ikkje køyrbar, og det er betilt tauing. Det skal vere mindre skader på dei andre bilane, seier politiet.

Bilete som Stord24 har fått tilsendt viser at airbagen blei utløyst på denne bilen.

Det var store trafikale problem rett etter ulukka. Foto: Severin Eskeland

- Annonse -