Natt til fredag meldte Politiet i Sør-Vest om amper stemning ved ein utestad på Leirvik.
Politiet fekk det travelt i tre-tida natt til fredag. Først kom det inn melding om amper stemning ved ein utestad, og litt seinare vart ein mann kjørt til arresten i Haugesund for ordensforstyrring.
Klokka 02:50 kom den første meldingen.
– Ein mann i byrjinga av 20-åra var involvert i eit slagsmål og måtte til legevakta for å sjekke eit kutt over auget, skriv politiet på Twitter.
Vidare kan ein lese at patruljen har namn på tre personar som kanskje er mistenkte og det vart oppretta sak.
Klokka 03:40 tikka det inn ei ny melding som gjekk på ordensforstyrring. Operasjonsleiar ved Sør-Vest politidistrikts operasjonssentral, Jøran Solheim, opplysar at slagsmålet skjedde ved Sjøhuset.
– Medan politiet står ved Sjøhuset, fant eit nytt forhold sted ved Narvesen.
Politiet skriv på Twitter at ein mann i slutten av 20-åra vart politimeldt for ordensforstyrring. Han var i tillegg så aggressiv at han vart køyrt til arresten.
– Han var vrang overfor politiet og motsette seg arrestasjon. Han var ikkje samarbeidsvillig på noko tidspunkt, informerar Mats Hinderaker, vaktsjef ved Haugesund politistasjon.
Han fortel at mannen ikkje har forklart seg enno, men at han kanskje kan vente seg eit forelegg på kring 10.000 kroner.