Det siste bilete av båten "FRAM", teke utanfor Askvoll onsdag ettermiddag i førre veke. Foto: Trond Asperheim
- Annonse -

Hovudredningssentralen har sendt ut tre redningsskøyter i området mellom Bergen og Leirvik for å sjå etter treskøyta som er sakna.

Det er framleis ikkje noko nye spor i søket etter den sakna 58-åringen frå Stord som har vore sakna sidan torsdag førre veke. No har Hovedredningssentralen trappa opp leiteaksjonen, og har sendt tre redningsskøyter i søket.

– Observasjonane frå søndag meiner me er ganske sikre. Det gjer at me no har sendt tre redningsskøyter som deler området frå Bergen og ned til Leirvik. Dei vil seile alle moglege normale farleiar for å sjå om dei finn noko, seier redningsleiar Eric Willassen.

Ingen nye tips

For redningsmannskapet er saka framleis eit mysterium.

– Det som er rart er at det ikkje har kome inn nokon observasjonar av båten etter søndag. Me håper jo at me skal finne båten og at den har lagt seg til i ei vik, men me kan ikkje utelukke at det har skjedd eit havari. I så fall er me eigentleg for seint ute. Men det er ingen observasjonar som indikerer ei ulukke.

- Annonse -

– Kan han ha seilt til havs, til dømes til Shetland?

– Etterretninga vår tilseier at han ikkje ville det. I følgje ein slektning var han bestemt på å kome heim fortast mogleg og ikkje seile i dårleg vêr. Det er ingenting som tyder på at han plutseleg skulle dra ut i havet.

Redningsleiaren fortel at dei har fått inn observasjonar om at det låg noko som kunne minne om eit vrakgods i ytre delen av Sognefjorden, men etter å ha søkt med helikopter var det ingen indikasjonar på at dette stemte.

Held på ut dagen

Redningsskøytene vil halde på fram til det vert mørkt, og så vil det bli gjort ei ny vurdering når det gjeld aksjonen vidare. Førebels har ein ikkje kome noko lenger når det gjeld signaletterretning.

– Så vidt me veit var det ikkje så mykje utstyr på båten. Det var snakk om at han hadde ein handholdt radio, og det jobbar me med for å få vite meir om.

Politiet er framleis svært interessert i tips frå nokon som har sett båten. Då kan ein ringe tlf. 02800.

- Annonse -