Illustrasjonsfoto: Daniel DeNiazi
- Annonse -

Fredag føremiddag fekk naudetatane melding om trafikkulukke i Årskog industriområdet på Fitjar.

Det var berre éin bil involvert i ulukka, som skjedde ved Årskog industriområde klokka 11.10 fredag føremiddag.

Alle naudetatane vart sendt ut til staden.

Politiet opplyser at brannvesenet har meldt at føraren er tilsynelatande uskadd, og blir sett etter av lege på staden.

Føraren av bilen er ei kvinne i 60-åra. Ho var aleine i bilen då ulukka skjedde. I følgje politiet framsto ho som alkoholpåverka.

Politiet opplyser at dei vil gjennomføre vidare undersøkingar av kvinna.

- Annonse -

- Annonse -
Forrige artikkelSelen kjem til oppdrettsanlegget rundt annankvar dag: – Den verkar veldig tam og uredd
Neste artikkelDåfjorden Slipp si siste nyvinning: Denne isbrytaren kan knuse opp til 1 meter tjukk is
Jonas Sætre er redaktør og journalist i Stord24. – jonas@stord24.no