Illustrasjonsfoto: Daniel DeNiazi
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Ei kvinne i 60-åra er skada etter ei trafikkulukke på Heiane midt i rushtida.

Det var like etter klokka 15 at politiet først fekk melding om ulukka. Først var det berre snakk om materielle skader, men etter kvart vart det klart at minst ein av personane involvert blei skada i uhellet.

– Det kom fram at det var ein personskade likevel. Difor er me der no, opplyser operasjonsleiar Helene Strand i Sørvest politidistrikt.

Ho fortel at den skadde er ei kvinne i 60-åra, som var føraren av den eine bilen. Ho skal ha klaga over smerter i nakke og rygg. Ho var med medvit og klar i hovudet, opplyser politiet

Det var to andre bilar involvert i ulukka. Den bakerste av dei tre bilane køyrde inn i bil nummer to som igjen køyrde inn i den første bilen. Det er ikkje meldt om personskade frå dei andre involverte.

Det oppsto store trafikale problem grunna ulukka. Stord24 har fått melding om lange køar og trafikk i stampe.

- Annonse -