Foto: Midtsiden
- Annonse -

To personar vart lettare skada etter ei trafikkulukke på E39 ved Heiane.

Klokka 14.50 meldte Sørvest politidistrikt om trafikkulukka på Heiane, i nærleiken av McDonalds. Det var berre eitt køyretøy som var involvert i ulukka.

– Det er store materielle skadar på køyretøyet, melder politiet.

– Det var ein bil som gjekk rundt og tok med seg eit skilt. Deler av midtrabatten er også gått med etter denne hendinga, fortel operasjonsleiar Victor Fenne-Jensen i Sørvest politidistrikt.

Han fortel at det var tre personar i ulukkesbilen. To av desse er frakta til legevakta.

– Ein person var uskadd, og ambulanse tok med seg dei to andre for ein kontroll. Alt tyder på at det er snakk om lettare skadar.

- Annonse -

Så langt kan ikkje operasjonsleiaren seie noko om årsaka til ulukka.

– Politiet er på legevakta no for ein samtale og avhøyr av dei som blei frakta dit. Det er ikkje kome noko meldingar om resultat eller årsak til kvifor dette skjedde.

To av passasjerane var ein mann i 30-åra og ei kvinne i 40-åra. Politiet hadde ikkje informasjon om den tredjde personen då Stord24 var i kontakt med dei.

Grunna ulukka var det i ein periode redusert framkomst på E39. Klokka 15.40 melde Vegtrafikksentralen at vegen vart opna for normal trafikk.

– Viking har teke med seg bilen og vegen er rydda og open no, seier Fenne-Jensen.

Har du bilete eller andre opplysningar? Tips oss på redaksjonen@stord24.no eller send oss ei melding på Facebook.