- Annonse -

Politiet veit ikkje kva som er årsaka til at ein bil hamna i grøfta på Bremnesvegen måndag føremiddag.

Det var klokka 09:27 at politiet fekk melding om ulukka.

– Éin bil involvert, skal berre vere førar i bilen. Ukjend skadeomfang. Naudetatane er på veg til staden, skriv Politiet i Sør-Vest på Twitter få minutt seinare.

Klokka 09:48 melder politiet at ein kvinneleg sjåfør har blitt teke med i ambulanse til sjekk på legevakta. Ifølgje operasjonsleiar i Sør-Vest politidistrikt er kvinna i 30-åra.

Ho skal ha klaga på smerter i hovudet.

– Bilen står ute i grøfta, mindre skader på bil. Ingen store trafikale problem, skriv politiet, som for augeblinken ikkje veit kva årsaka til uhellet er.

- Annonse -

– Politiet føretek naudsynte undersøkingar på staden.