Illustrasjonsfoto: Daniel DeNiazi
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Heile frontruta på bilen mannen satt i blei slått inn. På førehand fekk politiet melding om vinglete køyring.

Politiet melder at det er snakk om store skader på bil etter ulukka ved avkøyringa til Rommetveit på E39. Politiet fekk melding om ulukka kl. 19.44 fredag kveld.

– Føraren har rett og slett køyrt inn i nokre betongelement i samband med vegarbeid, opplyser operasjonsleiar Helene Strand i Sørvest politidistrikt.

Det er for tida omfattande vegarbeid i Førlandskrysset i samband med bygging av nytt kryss.

Rett før ulukka skjedde hadde politiet fått melding om vinglete køyring, som altså gjaldt den same bilen.

–  Det var meldingar om bilen i forkant om at vedkomande køyrde vinglete. Me veit ikkje heilt kva som har skjedd her, om han eventuelt har fått eit illebefinnande. Men han framstår ikkje rusa. Det er ikkje utslag på alkometeret.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Mannen er teke med til legevakta med lettare skader. 75-åringen hadde sjølv gått ut av bilen då politiet kom til staden. I følgje politiet har han vore svært heldig i og med at det var snakk om ein kraftig kollisjon.

– Heile fronten på bilen er slått inn, så denne mannen har fått seg ein kraftig smell. Han var heldigvis oppegåande då politiet kom til staden, men han framstår forvirra og klarar ikkje å seie kva som har skjedd, seier Strand.

Trafikken på E39 er stengt i eitt felt grunna ulukka. Bilberging er på veg.

Eit felt er sperra. Føraren framstår forvirra og klarar ikkje å seie kva som har skjedd.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -