Bilete er teke like etter ulukka skjedde. Politiet sjekkar med føraren korleis han har det. Foto: Jan Morten Nesse/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Trafikken var sperra i begge retningar etter trafikkulukke i Litlabøvegen ved Stuva onsdag ettermiddag. 

Siste: Vegen vart opna for trafikk i 16.30-tida.

Klokka 15.30 onsdag fekk politiet melding om trafikkulukka ved Stuva. Det var berre ein bil involvert i ulukka, som førte til at bilen hamna på taket.

– Det var ein person i bilen, ein mann i 40-åra. Han er våken og klar og skal ikkje vere alvorleg skada, skriv politiet.

Bilen har store materielle skader.

Stord24 har snakka med nokon som var augevitne til ulukka. Dei fortel at bilen kom køyrande frå Leirvik, og kom borti ein betongkant nedanfor eit bustadhus i det smale partiet av vegen ved Stuva.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Dette skal ha forårsaka at bilen kvelva rundt og landa på taket.

Foto: Jonas Sætre/Stord24

Det er ikkje mistanke om promillekøyring.

– Det er mistanke om at han kan ha sovna bak rattet. Det er ikkje mistanke om promille, og patruljen har heller ikkje meldt noko om at det er glatt på staden, seier operasjonsleiar Jostein Røyestad hos Sørvest politidistrikt til Sunnhordland.

Føraren er frakta til sjukehus og har fått førarkortet beslaglagt.

Foto: Jonas Sætre/Stord24

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -