Illustrasjonsfoto: Politiet
- Annonse -

Klokka 10 søndag morgon melde politiet om at det hadde skjedd eit trafikkuhell på E39 på Stord. Også i Sagvåg gjekk det gale.

Hendinga skjedde ved Slettedalen, like nord for Grov.

– Det er ikkje meldt om personskade, opplyser sørvest politidistrikt.

Politiet opplyser at det er meldt om svært glatt på staden.

Også i natt i 3.40-tida skjedde det eit trafikkuhell på Stord.

– I krysset Flyplassvegen/Stokkavegren er det ein som sklei av vegen og trengte tauing, opplyser vaktleiar ved Haugesund politistasjon, Gunnar Sande.

- Annonse -

Han opplyser at det vart teke blåsetest og at det ikkje var mistanke om promille.

Laurdag kveld gjekk politiet ut med ein generell åtvaring om glatt føre i heile politidistriktet.

– Dette gjeld både hovudvegar og sidevegar. Politiet oppmodar bilistar til å køyre forsiktig og ta omsyn til førarforholda.

- Annonse -